Du er her: Forsiden / Kjøtt & Eggprodusenten / Faglig / Handter dyra rett før slakting!

Handter dyra rett før slakting!

Rett handtering av dyra før slakting er svært viktig for dyrevelferd og kjøttkvalitet. Det er også avgjerande for at bonden skal unngå at dyra taper vekt.

Slaktemogne lam som må vente meir enn eitt døgn på fjellet før slakting bør ha tilgang til beite eller fôr for å betre velferden, redusere vekttap og sikre jamn kjøttkvalitet.

Slaktemogne lam som må vente meir enn eitt døgn på fjellet før slakting bør ha tilgang til beite eller fôr for å få best mulig velferd, kjøttkvalitet og lønsemd.

FYSISK STRESS
Årelang innsats i avl, fôrkvalitet og driftsteknikk er lite eller ingenting verdt om ein ikkje gjer ting rett dei siste dagane fram til slakting. Ofte skal ein langt inni fjellet og hente lamma, skilje på eigar, vega og til slutt transportere dei slaktemogne lamma til slakteriet. Ofte skjer alt dette på fire til fem dagar og inneber at dyr blir slakta kort tid etter omfattande og langvarig faste, fysisk og psykisk stress. I slike produksjonar er det risiko for tap og stor variasjon i kvalitet.

TAP FOR BONDEN
I forsøk har vi sett at dei lamma som hadde liten eller ingen tilgang til beitegras eller fôr i dagane mellom sanking og slakting, brukte feitt og muskel for å oppretthalde kroppsfunksjonane. I andre undersøkingar er dette tapet estimert til fem til ti prosent ved fire dagars faste, og det er dei magre og tunge lamma som mister mest. Overført til norske tilhøve indikerer dette at ein firedagars periode frå sanking til slakting, med lite eller ingen tilgang til fôr  eller beite, påfører bonden eit tap på inntil ein til to kg kjøtt samanlikna med om lammet hadde blitt slakta direkte frå beitet etter åtte til 24 timars faste.

På slaktetidspunktet bør dyra ha gode energilager og vera fasta åtte til 24 timar. Dette for at kjøttet skal få ein pH under 5,8 i ytrefilet og at risikoen for forureining av slaktet under slakteprosessen skal verta så liten som råd. Eit lam som under sanking og skiljing har brukt opp energilagra i musklane, vil etter slakting ikkje få det det fallet i pH som er ynskjeleg.

ER VELFERDEN GOD NOK?
Lam som blir utsett for lengre tids faste i kombinasjon med mykje driving og handtering, vil oppleve stress som kan redusere velferden. Observasjonar under sanking viser at dyra er svoltne og har ein sterk motivasjon for å beite. Inne i skiljehegnene er det nesten ikkje avføring å sjå fordi dyra er fasta i lengre tid. Det er særleg slaktemogne lam som skal slaktast direkte frå hegna som blir utsett for stor påkjenning fordi dei i tillegg til sankestress også blir  utsette for stress med avvenning, transport og oppstalling på slakteri.

AKTUELLE TILTAK
Det er grunn til å vurdere om ein skal skilje mellom lam og livsau som skal heim på haustbeite og slaktelam som skal direkte til slakteri. Slaktelamma blir utsette for fleire potensielt stressande påkjenningar. Dermed bør ein sikre så langt som råd at behova deira er oppfylt. Alle som deltek i sankinga bør forsøke å drive og handtere sauen så forsiktig som råd, og gjetarhunden må brukast rett. I tillegg til å minimalisere tidsbruken under sanking og skiljing ved å ta i bruk moderne teknologi, bør ein også vurdere om slaktelamma skal ha tilgang på beite eller fôr i perioden mellom sanking og slakting.

Prioritert areal med betre beite for slaktelam kan vera ei løysing. Ein bør likevel syte for ein viss fasteperiode før transport og slakting for å legge til rette for hygienisk slakting.

Les flere fagartikler i baldet Kjøtt- & Eggprodusenten.

Les flere saker fra siste utgave av bladet Kjøtt- & Eggprodusenten.

Utviklet av 07 Web
Bransjeoversikt

Annonser